Me vil for 4. gong få ønskje løparar, publikum, samarbeidspartnerar og arrangørstab velkomen til Heggmyrane Rett Ned.
Sogn Skisenter den 5.Februar 2011 er staden ‘dar da skjer!’
Og du er hjarteleg velkomen enten du er forelder, utøvar, eller rett og slett skifrelst. Me håpar årets utgåve av HRN trekkjer mykje folk, flott vér og kjempegodt humør på alle involverte.
Snøen lavar no ned her på Heggmyrane og me kan lova topp forhold både i og utanfor bakken på Laurdag.
Renninformasjon:
For dei eldste utøvarane startar Heggmyri Rett Ned 2011 på ‘paraglidertoppen’ rett ved endestasjon for skitrekket. Portane vil bli satt i lausnøen på høgresida av preparert bakke ned mot mast 16 hvor juniorane starter. Ned henget med røypelykkje på seljeflat/mast 10. Her startar dei yngste. So vidare ned gamle-henget før det avsluttes med eit hopp før mål. Alle som stiller i telemarks-klassane skal ha telemarksving ved portpasseringar. Det blir tidsstraff (15sek.) for feil passering.
Rennkontoret
Rennkontoret finn du inne i adm.bygget til Sogn Skisenter. Startnummer må hentast minst 1.5 time før start i den klassen de stiller i. Hugs kontantar til deltakaravgifta.
Starttidspunkt
Born 6-10 år startar ved mast 10 kl 12.00.
Juniorar 11-12 og 13-14 år startar ved mast 16 ca. kl.13.00.
Klassane 15-99 år startar ca kl 14.00
Merk at start-tidene er omtrentlege, me køyrer rennet så raskt me kan, så hald følgje med utøvarane under rennet og møt opp ved start i gode tid.
Varme Kle
Me serverer varm drikke ved start. Då det kan bli ei stund å vente, ber me alle om å kle seg godt. Det kan vere svært kaldt og surt på toppen.
HJELM ER SJØLVSAGT PÅBUDT! – og me anbefalar også ryggplate.
Ikkje meldt deg på enno?
Me tar i mot etterpåmelding fram til kl. 10.00 på Laurdag mot ein avgift på Kr.100,-
Sjå påmelde her
Program Laurdag 5. Februar Sogn Skisenter
0900: Rennkontor åpner
1000: Påmelding stenger for HRN
1200: Start Heggmyri Rett Ned
ca. 1530 Premieutdeling Heggmyri Rett Ned
1600: Afterski på kafeen


Laushel sponser HRN 2011